Velkomen til Austevollbadet

Austevoll sitt Folkehelsefyrtårn der alle kan finna si tid for aktivitet, anten du er mosjonist, kokurransesymjar, likar å trimme i vatn eller bade og leike med familie og vener. 

Austevollbadet har 2 basseng

Eitt 25m basseng med 6 banar  og 28 grader. I terapibassenget er det 32 grader, og med berre 70cm på grunna er det eit eldorado sjølv for dei minste borna. 

Me har stort fokus på sikkerheit

Med tydelege reglar for dei badande og badevertar med jevnleg oppdatering av livredning sikrar me ein trygg kvardag for alle som er innom hos oss.

Reinhaldet vårt foregår 100% utan kjemiakaliar 

Me held det reint og fritt for bakteriar med dagleg vask av alle overflater med 180 grader varm damp. 
Bra for våre badande, våre badevertar og bra for miljøet.   

Opningstider i Austevollbadet

Austevollbadet er ope for publikum

Tysdag                       kl.0600-0800

Tysdag og torsdag  kl.1600-2030

Laurdag og sundag  kl.1000-1600

Pensjonistane har i tillegg eigne tider:

Tysdag   kl.1100-1400

Torsdag kl.1100-1230

Kurs og trim i vatn

I Austevollbadet kan du delta på ei rekkje kurs som startar i veke 36.

påmelding og spørsmål til post@austevollbadet.no

  • Småbornsymjing 1 (Duppe)                                       måndag kl.1700-1725
  • Småbornsymjing 2 (Elias)                                          onsdag   kl.1600-1625
  • Småbornsymjing vidaregåande                              onsdag   kl.1630-1655
  • Lær-å-symje-kurs for vaksne                                   måndag kl.1830-1915
  • Teknikk-kurs i brystsymjing                                        måndag kl.1915-2015
  • Fødselsforberedande vanngym for gravide          måndag kl.2000-2045

Kursa går 10 gonger og kostar 1400kr.                                  5 treningar før haustferien og 5 etter.

Frå veke 36 kan du delta med ordinær billett, klippekort, halvårskort eller årskort på desse timane:

  • Vassgym med Gosia             onsdag kl.2000-2045
  • Vassgym for pensjonistar     tysdag  kl.1200-1245
  • Vassjogging                             tysdag  kl.1900-1940
  • Vassgym styrke                       tysdag  kl.1945-2015
  • Vassgym for revmatikarar   onsdag  kl.1915-2000