Reglar for bading og tryggleik

-

Me ynskjer at du som gjest skal vera trygg og at du skal trivast i Austevollbadet.

For å oppnå dette må alle gjestar i Austevollbadet følgje felles reglar. 


Dersom det er noko du er usikker på kan du henvende deg til ein av våre dyktige badevertar.

-

Dei viktigaste tryggleiksreglane:

Du må vera 12 år og symjedyktig for å bade aleine i Austevollbadet.

Born under 12 år må ha fylgje med ein person over 18 år som er symjedyktig.

Du kan ikkje vere åleine i hovudbassenget dersom du ikkje kan symje, uansett alder.

Ein symjedyktig vaksen som er over 18 år, kan ha med seg inntil 3 born under 12 år eller inntil 3 personar som ikkje er symjedyktige. Den symjedyktige vaksne må til ei kvar tid vera saman med, ha kontroll på, og bada saman med borna.

-

-

Ansvar, rus og fotografering

  • Alle som er i Austevollbadet må retta seg etter badevertane sine rettleiingar.
  • Rusa eller støyande personar, og personar med opne sår, vert vist bort.
  • All bruk av fotoapparat og mobilkamera er forbode i dusj-, garderobe- og bassengområda.
  • Slå alarm til badevertane dersom du oppdagar personar som treng hjelp.
  • All bading skjer på eige ansvar. 

-

-

Før bading

  • Før bading må du vaske heile kroppen med såpe. Badetøyet skal vere reint og takast på etter vask. Det er ikkje tillate å bada eller dusje med undertøy. Det skal ikkje vere såperestar i badetøyet når du er ferdig.
  • Dersom du ikkje nyttar badehette, skal du vaske håret med såpe og skylje godt før du går i bassenget. Langt hår skal setjast i hårstrikk.
  • Bleieborn skal bruke badebleie og ha noko tett utanpå (t.d Happy Nappy), ved bading i Austevollbadet. 
  • Badegjestar som ynskjer å bade i burkini må vaske heile kroppen, inkludert håret.

-

-

Ved bading, stuping, symjing og hopping

  • Ikkje spring i dusj-, garderobe- og bassengområda. Små born bør bruke badesokkar.
  • Du må aldri trekke nokon under vatn, stupa eller hoppa på nokon som er i bassenget.
  • Du kan ikkje stupa frå langsidene av bassenget. Stuping i opplæringsbassenget er forbode. 
  • Gjenstandar som kan medføra skade på person eller anlegg, t.d glas, nåler, plaster og tyggegummi, må ikkje takast med i anlegget.
  • Symjebriller og dykkermasker må vera av plast, ikkje glas. Snorkel og store
    badeleiker skal ikkje nyttast i bassenga. Snorkel kan likevel nyttast ved
    symjetrening.

-

-

Reglar på WiBit

  • Det er forbode å symje under hinderløypa. 
  • Du må vere symjedyktig for å vere på WiBiten aleine. Personar som ikkje er symjedyktige må ha med seg ein symjedyktig person over 18 år.
  • Ver særleg aktsom ved bruk av armringar på WiBiten. Born med armringar kan setje seg fast under hinderløypa og drukning kan førekome.
  • Stuping, framlengs- og baklengs salto er forbode på WiBiten. Det er heller ikkje tillate å dytte andre. Dødsing er tillate ved avtale med badevert.
  • Det er einvegskøyring på WiBiten. Start ved den grunne delen av bassenget. Dersom du dett av undervegs må du symja tilbake til start.

-

-

Diverse

  • Røyking, og bruk av snus og tyggegummi, er forbode i bassenget. 
  • Mat og drikke skal nytast i resepsjonen. Unntak for diabetikarar og symjarar under trening.
  • Barnevogner skal setjast igjen utanfor garderobane, eller i resepsjonen.
  • Ta godt vare på det du eig. Austevollbadet er ikkje ansvarleg for bortkomne gjenstandar. Attgløymde klede vert samla på i inntil fire veker, og vert så gjeve til veldedige organisasjonar. Verdifult hittegods vert levert til politiet. 
  • Brot på reglane kan medføre bortvising.

Skular og vassportklubbar

  • Rektor er ansvarleg for skuleklassar som har symjeundervisning.
  • Rektor skal sørgje for at det er nok personell med borna, i tråd med retningslinjene til Utdanningsdirektoratet, og at personellet er tilstrekkeleg lærd i livredning i vatn.
  • For vassportklubbar er klubbleiinga ansvarleg for tryggleiken til deltakarane og utøvarane.
  • Klubbleiinga er ansvarleg for at trenarane som leiar timane og kursa er mange nok og opplærde i livredning i vatn. ............................................................................................................................................

lagt til handlevogn