Happy Nappy Shark Orange

Str. S-XXL

229,00 NOK



  • Artnr: HNPSO-S
  • På lager: 2 stk

Beskrivelse av artikkelen

Med kule og fargerike bleiebukser på

då er både tryggleik og stil ivaretatt då!

-

Happy Nappy er ei bleiebukse til babyer og små barn. Buksene er produsert ved bruk av den nyaste teknologi og eit unikt patentert design. Buksene kombinerer sikkerhet og høg komfort med eit utruleg søtt uttrykk.


Happy Nappy bleiebukser er produsert i tynn neopren og finst i mange forskjellige fargar, mønster og print til både gutar og jenter. Happy Nappy er økotex-100 sertifisert og produsert uten bruk av latex eller ftalater. Buksene kan brukast både utandørs på stranda og aquaparkar eller innandørs i badeland og svømmehall. 


Happy Nappy er ergonomisk forma og har mange smarte, gjennomtenkte detaljar, som alle gjer at denne badebuksa er den sikraste og mest komfortable til barn på markedet. Desse detaljane omfattar blant anna…

  • Høg ryggkile, som følgjer ryggrada og dermed legg seg tett inntil huden
  • Støtte bak som er utført i formstøpt neopren
  • Strikk på beina og i midja, som sikrar at stoffet ligg tett inntil huden
  • UV 50+ vern

Uansett kor mykje barna leiker i bassenget blir Happy Nappy sittande der den skal. Med Happy Nappy treng du derfor aldri frykta uhell eller lekkasje i bassenget!


Happy Nappy kan brukast med symjebleie under, men den er óg heilt sikker utan. Fordelen med å bruke buksa med symjebleie under er at Happy Nappy er lettare å halde rein.


Happy Nappy bleiebukser er anti-bakterielle, og kan brukast igjen og igjen etter vask. Buksene vaskast i kaldt vatn (helst i handa, men alternativt på skåneprogram) og henges til tørk. Unngå direkte sollys og tørking i nærleiken av varmekjelder, då det kan bleike og øydeleggje stoffet. Happy Nappy kan også tørkast hurtig ved å rulla den i eit handkle og trykke fukten ut av buksa.

lagt til handlevogn